fredag 15. november 2013

Frankrike 14.- 24. oktober

14. til 24. oktober var B3 friluftsliv i Frankrike for å klatre. Målet for turen var blant anna å få berte ferdigheiter i klatring. Eit av tema me var inne på var fallfaktor. Eg skal her gå nærmare inn på kva det er.
 

Forto: Vigdis Berge
 Fallfaktor

Klatretauet er som ein strikk. Det strekk seg når det vert belasta, slik at den fallande klatraren bremsar gradis i staden for momentant. Jo lengre strikken er, desto lengre kan den strekka seg. Det vil gje større bremselengde og mjukare oppbremsing. Det er her fallfaktoren kjem inn i biletet. Fallfaktoren er lik forholdet mellom lengda på fallet og lengda på det tauet som tek opp fallet. Det vil seia fallets lengde delt på lengde tau mellom sikraren og klatraren (Tronstad, 2005).


 1
Det vert altså stor fallfaktor når fallet er langt og "strikken" (tauet) kort. Det føre til eit kraftig rykk. Det er derfor ynskjeleg å halda fallfaktoren så liten som mogeleg (Tronstad, 2005).


Den største mogelege fallfaktoren får ein dersom klatraren legg ut i frå ein standplass oppe i veggen og dett før fyrste mellomforankring er satt. Då vil klatraren falle forbi standplass til tauet vert stramt nedover. Sjølve fallet vert dobbelt så langt som lengda av tauet mellom sikraren  og klatraren, altså fallfaktor 2. (bilde 1). Så snart tauet vert festa inn på ein mellomforankring, vil det forkorte lengda på fallet. Lengda av tauet forblir det same, og dermed vert fallfaktoren redusert (bilde 2  og 3). Når klatraren fortset oppover, vil fallfaktoren igjen auka, heilt til klatraren har sikra seg på nytt (Tronstad, 2005).

 
 
 
2

 3
 
 
 



Kjelde:

- Tronstad, S (2005) Innføring i klatring. Oslo, Norges Kletreforbund DNT - Fjellsport

Vegleiartur 9. - 11. oktober

Foto: Vigdis Berge
Den 9. oktober var me klar for vegleiartur. Eg og Jonas Løøv stod for planlegginga og gjennomføringa av turen, og hadde med oss to B1 studentar og to B2 studentar. Turen gjekk frå Barsnesfjorden opp mot Heggerusti vidare til Helgasete. På førehand av turen laga me ein god turplan. Eg vil her beskriva kva innhald ein god turplan bør ha.

Turplan
Turplanlegging skal blant anna bidra til å sikra at ein legg ut på tur etter evne i eit område etter evene. I pedagogisk samanheng skal turplanen også sikra læring (Horgen, 2010).

Målet for turen, gruppa me har med oss og området me har valt, er utgangspunktet for turplanlegginga. Planen skal ikkje vera for detaljert, men den skal bidra til at turen vert god, sikker og lærerik. Sjølve ferdplanlegginga byrjar på kartet. Ein bør på førehand sjå etter gode vegval, vidare skal turplanen sikre at tilbakelagt distanse, høgde, og tid står i forhold yteevna til gruppa og lærings- og opplevingsmåla. Det å planleggje kva ein treng av mat, utstyr og klede vil også vera svært viktig, særleg på lenger turar. Sist, men ikkje minst skal turplanen sikra at me har ein plan for kva me skal gjera dersom uhell eller ulykker skulle inntreffa (Horgen, 2010).

Planen kan derfor organiserast i tre delar; plan A, plan B og plan C.

Plan A er sjølve turplanen, det me ynskjer å gjera for å nå dei opplevingsmåla og dei læringsmåla me har satt oss. Plan B er alternative vegval, alternative leirplassar, alternative endepunkt osv. (Horgen, 2010). Om nokon forhold gjere til at ein ikkje kan utføra plan A, tek ein i bruk plan B. Det kan til dømes vera forhold som vêrforandring, sjukdom blant deltakarane eller skade på nødvendig utstyr. Den siste planen er plan C, eller plan K - kriseplan. Planen skal sikra at ein veit kva ein skal gjera dersom det skjer noko alvorleg. Relevante spørsmål ein kan stilla seg i planlegginga er: kven har mest kompetanse innanfor fyrstehjelp, kva sikkerheitsutstyr skal vera med, korleis kan ein få varsla dersom det skjer ei ulykke, er det mobildekning i området og om det ikkje er det og kva er kortaste veg ein kan ta for å skaffe seg hjelp? (Horgen, 2010).  
 
Kjelde:

- Horgen, A (2010) Friluftslislivsveiledning vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget AS.

 


torsdag 19. september 2013

Solund 9.-12. september

Foto: Vigdis Berge
Måndag 9. september sette me oss på båten ut til Solund. Solund er ein flott plass ser ein kan få oppleva kystkulturen på nært hald. Målet for turen var at me skulle få kunnskap og erfaring om kystfriluftslivet, både det tradisjonelle kystfriluftslivet med fisking og bruk av gamle trebåtar, men også det meir moderne kystfriluftslivet med havpadling i kajakk. Opphaldet og aktivitetane me dreiv med på Solund knytte me opp til naturbaserte turisme som er eit av faga våre dette semesteret. Eg skal her prøva å belysa kva som ligg i begrepet naturbasert turisme.  

Naturbasert turisme

Naturbasert turisme omfattar ulike formar for turisme, og dette er nok grunnen til at det, særleg i forskarmiljøa er stor diskusjon om kva som eigentleg ligg i begrepet naturbasert turisme (Mehmetoglu, 2007).

I fylje Mehmetoglu (2007) kan naturbasert turisme betraktast som det å direkte nyta og oppleva relativt urørt natur. Vidare meiner han at denne definisjonen viser det store omfanget og variasjonen i naturbasert turisme, og at det kan strekka seg frå å vera ein sol-og-bade-ferie til det som vert betrakta som "ekte" naturbasert turisme, nemleg økoturisme (Mehmetoglu, 2007).

Fleire forskarar har prøvd å definera begrepet, utan heilt einast om ein definisjon. Den breie tilnærminga til det å definera naturbasert turisme gjer at fleire ulike turismeaktivitetar kan karakteriserast som naturbasert turisme. Naturbasert turisme omfattar altså fleire undersegmenter (Mehmetoglu, 2007). Mehmetoglu (2007) har definert økoturisme, spennings og eventyrreiser, kulturbasert turisme og sol og badeferie som ulike typar av naturbasert turisme.

 
Økotruisme

Foto: Vigdis Berge
Økoturisme vert rekna som eit undersegment av naturbasert turisme. Forskaren Eagles (1992) meiner at dei som vel naturorienterte opplevingar i urørt natur, kan kallast økoturister. Økoturisme går altså ut på å reise til relativt uforstyrrande eller uberørte naturområde der ynskje er å beundra, studera og nyta naturen. Ein anna forskar (Bjørke, 1997) tilføyer ein ny dimensjon til denne definisjonen. Han føreslår at økoturisme er ein aktivitet der turisten reiser til naturområde for å kunna beundra, studera og nyta den eksisterande naturen og kulturen på ein måte som gjer at ein ikkje utnytter desse resursane negativt, men heller bidrar aktivt til å verna det genuine naturmiljøet. Økoturisme skiller seg frå andre formar for naturbasert turisme ved at den bidreg i form av verning, læring om miljø og direkte økonomisk bidrag til lokale samfunnet (Mehmetoglu, 2007).

Spennings-/eventyrreiser
Dei siste åra har spennings- og eventyrreiser også vorte ein viktig del av folks feriar. Denne typen av opplevingar vert definert som "en reise til et sted med et bestemt mål om å delta i en aktivitet som involverer en kontrollert risiko eller fare, tilknytt personlige utfordringer i et naturlig miljø eller i et eksotisk utendørs miljø (Sung, 2004). Ut i frå denne definisjonen treng ikkje einkvar form for spenningsreiser vera avhengig av naturen, og mens dei fleste natur- og økoturistar vil lære noko med sin reise er det nødvendigvis ikkje alltid så viktig for dei som reiser for spenningens skyld. For desse turistane er naturen eit produkt som gjer det mogeleg å gjennomføra ein aktivitet, som til dømes basehopping (Mehmetoglu, 2007).

Kulturbasert turisme

Foto: Vigdis Berge
Kulturbasert turisme er også ein type av naturbasert turisme fordi kulturen er grunnlaget for turiststraumen til ein destinasjon. Ein kvar form for turisme vil innehalda ein naturbasert og ein kulturbasert komponent (McKercher et al. 2002). Ein som i utgangspunktet reiser for å oppsøke uberørt natur, vil også søke etter kulturelle opplevingar som det å ha kontakt med lokalbefolkninga eller lære noko om historia til området (Mehmetoglu, 2007).

Sol og badeferie

Mehmetoglu (2007) definerar også sol og badeferie som ein form for naturbasert turisme, fordi denne turismetypen er avhengig av naturen. Sjølv om ein sol og badeferie i utgangspunktet ikkje vert rekna som ein typisk form for naturbasert turisme, meinar Mehmetoglu (2007) at det er ein overlapping mellom naturbasert turisme og sol og badeferie. Grunnen til at hen meinar det er at ikkje alle som reiser på sol og badeferie er direkte ein dela av masseturismen, sjølv om det gjeld ein liten del av dei. Ein kan tenke seg at ein liten del av dei som reiser på slike reiser, også oppsøker andre turismeaktivitetar som er meir retta mot det typiske naturbasert turismen (Mehmetoglu, 2007). Mehmetoglu (2007) meiner altså at turismerolla kan endrast. Det vil seia at om ein startar som ein typisk masseturist, kan ein likevel undervegs i reisa opptre som ein anna type turist, som til dømes økoturist (Mehmetoglu, 2007).

Dei ulike typane av naturbasert turisme gjer det kanskje litt enklare å forstå det vide begrepet. Knytte ein Solund opp mot begrepet, er det etter mi meining eit godt døme på naturbasert turisme er eller kan vera. Solund byr på ein flott og relativt urørt natur. Dei som reiser til området er kanskje fyrst og fremst økoturistar som ynskjer å beundra, studera og nyta naturen på ein måte som gjer at ein ikkje utnyttar naturen i ein negativ retning. Solund byr også på mykje kulturbasert turisme, og alt dette kan ein kombinera med meir spenningsrelaterte aktivitetar som til dømes havpadling eller dykking.

 

Litteraturliste:

- Bjørke, P (1997) Marketing of Finnish eco-resorts. Journal of Vacation Marketing 3 (4), 303-313. I: Mehmetoglu, M (2007) Naturbasert turisme. Bergen, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.  (25)

- Eagles, P.F.J (1992) The Travel Motivations of Canadian Tourists . Journal of Travel Research 31 (2) 3-7. I: Mehmetoglu, M (2007) Naturbasert turisme. Bergen, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.   (23)

- McKercher, B. og H. du Cors (2002) Cultural Tourism: The Partnership between Tourism and Cultural Heritage Management. New York: The Haworth Hospitality Press. I: Mehmetoglu, M (2007) Naturbasert turisme. Bergen, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke. (28)

- Mehmetoglu, M (2007) Naturbasert turisme. Bergen, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

- Sung, H.H. (2004) Classification of Adventure Travelers: Behavior, Decision Maiking, and Target Markets. Journal of Travel Research 42 (May), 343-356. I: Mehmetoglu, M (2007) Naturbasert turisme. Bergen, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke. (27)

 

 

lørdag 14. september 2013

Klatring 26.-29. august

Eit nytt semester var starta og me var klar for å byrja med faget klatring. Dei fyrste tre dagane var me på Kvam der me jobba med ulike metodar for sportsklatring på låglandsklipper. Den fjerde dagen reiste me til Veitastrond for å buldre.

 
Foto; Vigdis Berge
Buldring
Buldring kjem opphavleg frå det engelske ordet "boulder" som betyr rund kampestein. Røtene ligg i det nordiske lydordet "buldre", som i buldrestein - altså ein rullestein som ligg i elva og lagar bråk. Ordet har altså vore ein tur utanlands og komme heim att med ein ny betyding. Buldring betyr streng tatt klatring på kampesteinar, men har vorte eit fellesnamn for alle formar for klatring i låg høgde. Poenget med buldring er å løysa bevegelsesproblem rett over bakken, utan tau. Buldring er verdifullt som klatretrening, fordi det gjev store moglegheiter til å øve inn teknikkar og til å tene spesielt på det ein er svak på (Tronstad, 2005).

Fenomenet buldring er ikkje særleg nytt. Det er nok heller av dei eldste formane for klatring. Dei store steinane opp mot Skagastølsdalen i Vest-Jotunheimen vart populære buldresteinar for tinderanglarane. Her kunne ein slenge frå seg sekken, sette spikerstøvlane til tørk og få eit avbrekk frå den lange vegen opp eller ned frå tindane. Andre plassar inviterte i endå større grad til slik klatreleik på kampesteinar. På Kolsås vart buldring populært. Her vart buldringa kalla for nøtteklatring, og Kolsås vart arnestedet for buldring i Noreg (Grimeland, 2004).

Foto; Vigdis Berge
Men det var ikkje før på 1990-talet at buldring vart ein trend. Klippeklatreskoa gjorde at ein fekk god friksjon, og klatrarane fekk ein ny forståing av kor små strukturar det var mogeleg å stå på. I 2001 vart buldring ein stor boom (Grimeland, 2004). Buldring vart sett på som utfordrande nok til at det vart ein sjølvstendig sport. Det vert arrangert eigne konkurransar i buldring, og det er laga eigne  graderingssystem (Grimeland, 2004). Det som kanskje har gjort til at buldring har vorte ein så populær aktivitet er at det kan vera ein svært sosial form for klatring. Ein kan vera ein heil gjeng som held på, utforskar buldreproblema saman og heiar kvarandre opp (Grimeland, 2004). Ein treng heller ikkje mykje utstyr. Med klatresko og kanskje ein kalkpose kjem ein langt. Klatraren treng berre konsentrera seg om å finna taka og få til grepa - plassera, flytta og fundera, tøya balansen og få bevegelsane til å flytta seg gjennom eit crux (Tronstad, 2005).


Veitastrond var ein fin plass for buldring med storslagen natur og mykje stein. Ein kan finna steinar i alle størrelsar, så det var altså ikkje noko problem å finna buldreproblem for alle nivå. Buldresteinane ligg idyllisk til i eit stølsområde, så det er absolutt ein plass som kan anbefalast.  

 

Litteraturliste:

- Grimeland, G (2004). En historie om klatring i Norge 1900-2000. Bergen, Fagbokforlaget.

- Tronstad, S (2005). Innføring i klatring. Oslo, Akilles.

 

onsdag 29. mai 2013

Jostedalsbreen 22.- 24. mai

Fjellsporten på Jostedalsbreen


Vårskitur på Jostedalsbreen var vår siste felles tur i B2 friluftsliv. Den 22. mai sette me oss på bussen på veg inn i Jostedalen. Turen gjekk frå Gjerde via Hauganosi og opp til Steinmannen der me hadde den fyrste campen. Den neste dagen gjekk me via Høgste Breakulen, ned til Bings gryte og enda opp på Grensevarden der telta vart sett opp. Siste dagen skrei me ned Flatbreen og enda opp i Fjærland der bussen stod å venta på oss.

 
Foto: Vigdis Berge

Det å vandra over Jostedalsbreen har lange tradisjonar. Allereie frå 1820 åra finn me dei fyrste reiseskildringane frå Jostedalsbreen. Ein av dei er skreve av Christian Fredrik Gottfried Bohr som ynskte å bestiga Lodalskåpa sommaren 1820. Naturinteressa, med røter i naturvitskapen og opplysningstida, var truleg eit viktig motiv bak turane til dei fyrste turistane på Jostedalsbreen. Romantikken forsterka naturfølelsen og naturdyrkinga blant embetsmenn og borgarar rundt midten av 1800- talet. Sjølve naturopplevinga vart i løpet av nasjonalromantikken den viktigaste grunnen til at ein vandra på Jostedalsbreen og elles i fjellheimen. Samstundes som stadig fleire "lystreisande" oppsøkte Jostedalsbreen vart området ein arena for fjellsportfolk. I løpet av 1880- åra byrja ein også med fjellsport i Noreg og på Jostedalsbreen. Tidlegare var det mest vanleg at turistane gjorde småturar på breen og ein gjekk stort sett berre over dei kjente breovergangane med lokale vegvisarar (Horgen, 1999).

William Cecil Slingsby var ein viktig mann i forhold til utviklinga av fjellsporten i Noreg. Han byrja å gjera meir krevjande breturar. Viktige motiv bak fjellsportfolka sine breturar var eit ynskje om å utforske nye breområder. Sjølv om Jostedalsbreen var kartlagt i løpet av 1860- og 1870 åra var det framleis områder og ruter som ingen hadde gått før. William C. Slingsby beundra ismassane, og føretok seg ein rekke turar på breen som ingen hadde prøvd på tidlegare. I byrjinga av 1890- åra byrja også nordmannen Kristian M. Bing å foreta tilsvarande turar. Desse breturane var av ein heilt anna karakter enn det som tidlegare hadde vorte gjennomført. I staden for å gå over dei kjente breovergangane med vegvisarar, byrja ein no å utforska dei indre av Jostedalsbreen og brearmane. Saman bidrog blant anna desse to til at store delar av breen vart oppdaga (Horgen, 1999).   

 

Foto: Vigdis Berge


Som bre- turistane tilhøyrte fjellsportfolka borgarskapet frå inn- og utland. Likevel var det store ulikskapar mellom dei to gruppene. Fjellsportfolka hadde andre motiv og karakter på sine turar. Den tradisjonelle bre- turisten fann seg til rette i Den Norske Turistforening og Turistforeningen for Bergen by. Begge desse foreiningane hadde som formål å leggja rette for vandring, spesielt i fjellet (Horgen, 1999).

Kristian M. Bing var den fyrste sekretæren for Turistforeningen for Bergen by, men på grunn av vandreprofilen valde han å bryta ut og stifta sin eigen foreining. Bergens fjellmannalag vart stifta i november 1895, som ein eksklusiv herreklubb etter britisk Alpine Club sitt mønster. Laget arrangerte fellesturar på Jostedalsbreen, men fjellmannalaget vart ikkje noko stor suksess, og etter nokon år vart den eksklusive rolla tona ned (Horgen, 1999).


Foto: Vigdis Berge
I 1908 vart det danna ein tilsvarande eksklusiv foreining for fjellsportfolk, Norsk tindeklubb (NTK). Dei fleste norske fjellsportfolka som gjekk på Jostedalsbreen, og som skreiv om turane sine, var enten medlem av Bergen fjellmannalag eller NTK. Avanserte brevandrarar og fjellklatrarar fann seg altså ikkje til rette i turistane sine foreiningar. Fjellsporten innehaldt noko anna enn vanleg fjell- og bre- vandring som me forbind med turistforeiningane (Horgen, 1999).

Til tross for at fjellsporten skilte seg ut frå turistvandringa på mange måtar, finn ein dei same estetiserande og romantiserande naturskildringane hjå fjellsportfolka som hjå andre fjellvandrar på denne tida. Samstundes kan mykje tyde på at fjellsportfolka hadde ein anna mental haldning til breturane sine. Det var ein kamp med naturen, og naturen var eit hinder ein måtte oppsøke på veg for å nå eit mål. Fjellsportfolka oppsøkte dei områda der hindra var så store som mogeleg, og jo vanskelegare og meir strabasiøst jo betre. Det virka som om kampen med naturen utgjorde ein viktig del av motivasjonen for breturane til mange av fjellsportfolka (Horgen, 1999).

Fram til byrjinga av 1900- talet var altså Jostedalsbreen ein viktig arena for utviklinga av fjellsporten i Noreg, men utover på 1900- talet endra dette deg noko. Andre fjellområder som til dømes Hurrungane trakk til deg nye generasjonar med fjellsportfolk. Hovudgrunnen til dette var at Jostedalsbreen var utforska i sin heilskap rundt 1900- talet (Horgen, 1999).

 

Litteraturliste:

- Horgen, A (1999) Friluftsliv og turisme på Jostedalsbreen. Avsnitt 5.0 - 5.6 frå ferdsel på Jostedalsbreen 1740 - 1940, frå natur til friluftsliv. Hovedoppgave i idrett med fordupning i friluftsliv ved høyskolen i Telemark, i samarbeid med Norges Idrettshøyskole, Bø. 

 

 

 

 

 




Hurrungane 6.- 8. mai

Flakskred

Foto: Vigdis Berge
6. mai 2013 var B2 friluftsliv igjen klar for tur. Denne gongen skulle me vera tre dagar i Hurrungane. Desse dagane skulle me bruka til å verta tryggare på ulike forhold i forbindelse med turar i bratt terreng. Me jobba blant anna med orientering, sikre vegval, snøkjennskap og gå- og kjøremønster.

I områda me gjekk i såg me både små og store flakskred. Skred er hovudtrusselen vår når me beveger  oss i bratt terreng. Det er derfor svært viktig å ha god kjennskap til skredlære for å kunna handtera og unngå dei ulike forholda som kan føra til at eit skred vert utløyst. Skredlære er eit stort tema. Eg vil her belysa ein liten del av det, nemleg kva eit flakskred er og kva som kjenneteiknar eit slikt skred.


99 prosent av alle skred som vert utløyst av skikøyrarar , er tørre flakskred. Tørre flakskred losnar vanlegvis i heng som er brattare enn 30 grader. Flakskred av våt snø kan losne i heng under 30 grader. Det som kjenneteiknar eit flakskred er at det vert danna i tydeleg bruddlinje der skredet losnar, og at snøen på grunn av sin fastleik, glir ut i større eller mindre flak. Desse flaka kan på kort tid kome opp i stor fart, og denne typen skred kan verta hundrevis av meter brei i løpet av få sekund (Landrø, 2007).

Det er spenningar i snødekket som er årsaka til at eit flakskred kan losne. Så lenge spenningane ikkje overskrider styrken i bindingane mellom dei ulike laga, vert snøen liggjande. Men dersom spenningane aukar, eller bidingane vert dårlegare, vil skredfaren auka. Når ein frikøyrar tek ein sving kan det vera nok til å bryte bindingane i snødekket, og eit skred kan verta utløyst (Landrø, 2007).

Eit flakskred består av tre hovudelement, som er flaket, svake lag og gliflate. Gjennom vinteren legg snøen seg lag på lag i terrenget. Snølaga vert utsett for forskjellige vêrforhold som påverkar dei. Sol og varmegrader etterfylgt av kulde skapar skare. Vinden fraktar snøen over i områder som ligg i le. Jo hardare vinden blåser, jo meir snø vert transportert og jo hardare vert snøen. Kaldt vær med klare netter skapar overflaterim. Til saman sørger desse prosessane til at snødekket består av ein haug forskjellige lag med ulike eigenskapar. Når eit hardt snølag ligg oppå eit svakt lag, kallar ein det eit flak (Landrø, 2007).
Foto: Marius Wiker Engelund

Svake lag er i hovudsak overflaterim, rennsnø, skarelag og harde snølag, men nesten alle formar for snø kan utgjera eit svakt lag. Overflaterim skapar eit utmerka sklilag for overliggjande snø, fordi den både er svært glatt, vert omdanna langsamt i snødekket, er veldig skjør og binder seg svært dårleg til underlaget. Rennsnø er også veldig skjør og inneheld mykje luft. Et rennsnølag i snødekket er derfor ugunstig og kan lett kollapse og danna ei god gliflate for overliggjande snø. Kjem det eit snølag oppå eit skarelag eller eit hardt snølag vil også snøen lett kunne gli ut på grunn av for liten friksjon til underlaget. Svaberg, is, vått gras dannar også gode gliflater for skred (Landrø, 2007).

Eit flakskred har ofte ei mjuk overflate. Dette fører til at kreftene me utset snødekket for trenger djupare ned i snødekket. Kreftene vert fordelt over ei større flate og vert redusert jo djupare ein kjem. Det er derfor mindre sannsynleg å losne ut eit skred dersom det øvste snølaget er tjukt eller hardt. Når det gjeld dei svake laga i snødekke er dei vanskeleg å analysere fordi dei ligg skult under snøoverflata. Desse laga kan utgjera ein fare over lengre tidsrom, og lengda på den ustabile fasen er avhengig av temperatur, trykk, fuktigheita og krystallform (Landrø, 2007).

Nysnø betyr ofte skredfare. Mengde, vindtransport, intensitet og temperatur er avgjørande. Det er ofte dagande under eller like etter snøfall kombinert med vind og gjerne temperaturstigning som er den farlegaste perioden, og det er ikkje nødvendigvis mengda med nysnø som er farlegast, men vekta på snøen. Våt snø veg mykje meir enn tørr snø og då aukar sjansen for at eit skred losnar. Temperaturen under og etter snøfallet er også avgjerande for kor godt snølaget bind seg til underlaget og kor fort det setter seg. Dersom snøen fell over lengre tidsrom har snødekket større moglegheit til å tilpassa seg den nye belastninga (Landrø, 2007).

Kraftig oppvarming og plutseleg temperaturstigning fører til at bindingane mellom snøkrystallane vert dårlege. Kombinert med andre faktorar som svake lag i snødekket er det lite tilleggsbelastning som skal til for å losne ut eit flakskred (Landrø, 2007).    

 

Litteraturliste:

- Landrø, M (2007) Skerdfare snøskred, risiko, redning Oslo, Fri Flyt AS.

Hardangervidda 4.- 8. april

Orientering

Foto: Thea Ahnen
Turen starta frå Finse stasjon den 4. april. Eg og tre andre jenter får B2 friluftsliv var klare for ein fin tur på Hardangervidda. Sjølv om været var strålande brukte me kart og kompass flittig. I høgfjellet kan været endra seg svært raskt. Det er derfor svært viktig å då kunne klare å orientere seg om ein slik situasjon oppstår. Me øvde derfor på krysspeiling og det å gå på ein kompasskurs.
 


Kompasskurs
Fyrste trinn
Når ein  skal ta ut ein kompasskurs plasserer ein kompasset sin langside slik at den markerar ei linje mellom der du står og til målet ditt. Ofte er ikkje langsida på kompasset langt nok til å nå målet på kartet, sjølv om startposisjonen er plassert heilt nedst på langsida. For å stilla kompasset inn mest mogeleg korrekt, kan ein forlenga linja ved å leggja ein plastlinjal, eller ein anna rett gjenstand inntil kompassets langside (Monsen, 2006).

 
 
Andre trinn
Deretter vrir ein kompasshuset til nordlinjene i kompasset ligg parallelt med rutenettet på kartet, og N- merket vender mot nord (Monsen, 2006).     



 
 


Tredje trinn
No kan ein lyfte kompasset opp frå kartet og halde det vassrett i handa. Deretter vender ein seg til nordpila ligg i "senga si". Vandrepila pekar no i marsretninga (Monsen, 2006).

 







 Krysspeiling

Krysspeiling kan brukast når ein har mista oversikta og ein ikkje veit heilt kor ein er. Denne teknikken inneber at ein brukar kart og kompass saman, ut frå det du ser rundt deg. Ein må vera i stand til å gjenkjenna to sikre punkt, til dømes to fjelltoppar (Monsen, 2006).

Når ein skal utføra ein krysspeiling peilar ein mot det eine punktet/ fjelltoppen med kompasset. Ein siktar med kompassets vandrepil mot punktet, og vris så kompasshuset til nordpila ligg i "senga si". Når ein har gjort det skal ein overføre denne kursen til kartet. Denne overføringa gjer ein ved å leggja kompasset på kartet , med kompassets eine side liggjande slik at det skjærer igjennom det punktet ein har sikta mot. Samstundes forskyv ein kompasset slik at strekane i kompasset vert liggjande parallelt med rutenettet på kartet, med kompasshusets nordpil pekande mot nord på kartet. Såframt kompassets eine side framleis skjærer igjennom det kjente punktet, kan ein trekka opp ein blyantstrek på kartet langs denne sida, og ein eller anna plass på denne linja står du (Horgen, 2010).

Krysspeiling
 


For å avgrens området ytterlegare bør ein finna eit punkt til, mest mogleg vinkelrett på det fyrste, og gjenta operasjonen. Om ein har gjort alt riktig og nøyaktig, står ein der linjene kryssar kvarandre. Har ein eit tredje punkt i ein litt anna vinkel enn dei to fyrste, kan ein peile mot det også. Ein vil då mest truleg få ein trekant på kartet, og då veit ein med stor sikkerheit at ein står innanfor trekanten (Horgen, 2010).

 



Foto: Ida Neslein


Litteraturliste

- Horgen, A. (2010) Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand, Høyskoleforlaget.


- Monsen, L. (2006) Kart, kompass og GPS. Oslo, Boksenteret Outdoors.