23. august var B2 friluftsliv i Sogndal klar for kanotur. Turen gjekk ut i Sognefjorden frå Kaupanger kai. Hovudmålet for turen var å verta betre til å ferdast på sjø/innsjø med kano, samt tryggleik og fyrstehjelp knytt til vatn og kanopadling. Me utførde derfor kameratredning og fyrstehjelp for å læra oss å handtera ulykker som kan oppstå i opent vatn/sjø.
Er ein ei stor gruppe på tur skal ein helst ha ein makkerkano som ein skal padle saman med. Skulle uhellet vera ute har ein derfor nokon i nærheita som kan hjelpa raskt. Dersom vatnet er kaldt eller det er uvær er det viktig at vedkommande i vatnet kjem seg i tryggleik så raskt som mogleg. Det er derfor svært viktig å trene på kameratredning i trygge omgjevnader slik at ein klarar å handtera ei verkeleg ulukke om det skulle oppstå når ein er på tur.
Det
fyrste ein må gjera når ein kano har velta er å få den tømt for vatn. For å få
det til må både personane i vatnet og personane i redningskanoen samarbeida. Personane
i vatnet tek tak i kvar sin ende av kanoen og fører den vinkelrett mot redningskanoen.
Padlaren som sit bak i redningskanoen legg frå seg åra i kanoen, set seg djupt
ned på kne så langt fram mot midten av sin eigen kano som mogleg. Frontpadlaren
held kursen og støttar med årebladet mot vassflata (Køhn,1996).
Bakpadlaren
grip tak i stevnen for å lyfte den opp og vinkelrett over sin eigen kano (Køhn, 1996). Dette
kan vera svært tungt, derfor kan personane i vatnet vera med på å lette
arbeidet. Den eine personen i vatnet grip tak i bakenden av kanoen og brukar
kroppsvekta for å pressa kanoen ned i vatnet. På den måten vert framenden lyfta
over vassflata og det vil vera lettare å dra kanoen opp.| Foto: Marius W Engelund |
Kanoen vert forsiktig dratt opp, med kjølen i været, tvers
over redningskanoen. Vatnet
vil no etter kvart renna ut. Med forsiktigheit vert den så snudd og skyvd ut på
vatnet att. Før ein snur kanoen er det viktig at den ligg i balanse over
redningskanoen, det vil seia midtpunkt over midtpunkt. Gjer den ikkje det kan
begge kanoane koma i ubalande og velte (Køhn, 1996).
![]() |
| Biletet teke frå www.midtagder-friluft.no |
Det var svært lærerikt å utføra kameratredning i kano. Ein lærer betre av å ha erfart det, enn å berre gjennomgå det teoretisk. Alt gjekk svært fint og det var ikkje så vanskeleg som ein gjerne hadde trudd på førehand. Men me ville sikkert erfart at det hadde vore meir utfordrande om forholda hadde vore vanskelegare. Det er ein ting å gjere det når forholda rundt er trygge, ein anna ting er å gjennomføre det når det er uvær, stor sjø og kaldt vatn.
Fyrstehjelp
I
forbindelse med kameratredninga fekk me også prøva oss på livredning. Me øvde
på ilandføring av ein person og hjarte- lungeredning.
I open sjø skal ein helst ikkje ha
kroppskontakt med vedkommande som ligg i vatnet. Grunnen tid det er at det kan
verka skremmande for personen i vatnet, noko som kan føra til at vedkommande
kan få panikk. Ved bruk av ein "forlenga arm" som til dømes kan vera
ein lang stokk, eit klesplagg eller liknande kan det følast mindre skremmande
for personen som skal reddast. Det betyr altså at vedkommande i vatnet må vera
ved bevisstheit for at ein kan bruka ein "forlenga arm". Personen som
skal reddast grip tak i den "den forlenga armen" og vedkommande som
reddar drar personen etter seg inn til land.
Hjarte-
og lungeredning Det er viktig å hurtigast mogleg konstatere om den skadde er bevisstlaus og pustar, eller livlaus utan pust. Det fyrste ein gjer er å sjå om ein kan få kontakt med vedkommande. Sørg for frie luftvegar og sjekk om vedkommande har noko i munnen/halsen. Ein legg kinnet ned mot munnen til vedkommande, mens ein ser om brystkassa beveger seg(Bruland og Fauske, 2012). Kjenner ein ikkje noko pust må ein ringa medisinsk nødsentral 113 og byrja med kunstig åndedrett og brystkompresjonar så fort som mogeleg.
Ein legg den skadde på ryggen på eit hardt underlag. Personen som skal utføra hjarte- lungeredninga står på kne ved sida av den skadde (Bruland og Fauske, 2012). Ved misstanke om drukning byrjar ein med 5 innblåsningar.
Sørg for
frie luftvegar. Nesa klemmes saman mellom tommel og pekefinger. Ein blåser så
inn til ein ser brystkassa hevar seg. Etter 5 innblåsningar held ein fram med
30 kompresjonar. Ein skal trykke brystkassa ned ca 4-5 cm på ein vaksen person
med ein takt på 100 trykk i minuttet. Hendene vert lagt oppå kvarande og ein
skal bøya handleddet bakover. Kompresjonane skal utførast midt mellom
brystvortene. Ein skal trykke loddrett ned med stive olbogar, på den måten
sparar ein krefter(Bruland og Fauske, 2012).
Deretter
er det 2 innblåsningar. Ein held fram med kompresjonar og innblåsningar i forholdet 30/2 til den skadde pustar sjølv
eller hjelpa kjem (Bruland og Fauske, 2012).
Det var
god læring å utføra livredninga. Erfaringa eg sit att med etter øvinga er at
det er svært viktig å øve på så reelle situasjonar som mogleg. Den største utfrodringa var å halda eit jamt og roleg tempo på innblåsningane og kompresjonane. På grunn av kulda og situasjonen er det fort at ein vert litt ukonsentrert. I
ein verkeleg situasjon vil det vera svært viktig at ein klarar å halda seg
roleg slik at innblåsningane og kompresjonane ikkje vert for raske, men har ei
jamn rytme.
Kjelder: - Bruland, S, Ø og Fauske, L. (2012) Førstehjelp på tur. Fjell-, høyde, og reisemedisin (2. reviderte utgåve). Oslo: Fri flyt.
- Køhn, Ø. (1996) Kanopadling i Norge. Oslo: Boksenteret forlag.
- Temahefte fra Midt- Agder friluftsråd. Naturskule kano (internett). Tilgjengeleg på http://www.midtagder-friluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf Besøkt 25. oktober 2012.
