Flakskred
 |
| Foto: Vigdis Berge |
6. mai
2013 var B2 friluftsliv igjen klar for tur. Denne gongen skulle me vera tre
dagar i Hurrungane. Desse dagane skulle me bruka til å verta tryggare på ulike
forhold i forbindelse med turar i bratt terreng. Me jobba blant anna med
orientering, sikre vegval, snøkjennskap og gå- og kjøremønster.
I områda
me gjekk i såg me både små og store flakskred. Skred er hovudtrusselen vår når
me beveger oss i bratt terreng. Det er
derfor svært viktig å ha god kjennskap til skredlære for å kunna handtera og
unngå dei ulike forholda som kan føra til at eit skred vert utløyst. Skredlære
er eit stort tema. Eg vil her belysa ein liten del av det, nemleg kva eit
flakskred er og kva som kjenneteiknar eit slikt skred.
99
prosent av alle skred som vert utløyst av skikøyrarar , er tørre flakskred.
Tørre flakskred losnar vanlegvis i heng som er brattare enn 30 grader.
Flakskred av våt snø kan losne i heng under 30 grader. Det som kjenneteiknar
eit flakskred er at det vert danna i tydeleg bruddlinje der skredet losnar, og
at snøen på grunn av sin fastleik, glir ut i større eller mindre flak. Desse
flaka kan på kort tid kome opp i stor fart, og denne typen skred kan verta
hundrevis av meter brei i løpet av få sekund (Landrø, 2007).
Det er
spenningar i snødekket som er årsaka til at eit flakskred kan losne. Så lenge
spenningane ikkje overskrider styrken i bindingane mellom dei ulike laga, vert
snøen liggjande. Men dersom spenningane aukar, eller bidingane vert dårlegare,
vil skredfaren auka. Når ein frikøyrar tek ein sving kan det vera nok til å
bryte bindingane i snødekket, og eit skred kan verta utløyst (Landrø, 2007).
Eit
flakskred består av tre hovudelement, som er flaket, svake lag og gliflate.
Gjennom vinteren legg snøen seg lag på lag i terrenget. Snølaga vert utsett for
forskjellige vêrforhold som påverkar dei. Sol og varmegrader etterfylgt av
kulde skapar skare. Vinden fraktar snøen over i områder som ligg i le. Jo
hardare vinden blåser, jo meir snø vert transportert og jo hardare vert snøen.
Kaldt vær med klare netter skapar overflaterim. Til saman sørger desse
prosessane til at snødekket består av ein haug forskjellige lag med ulike
eigenskapar. Når eit hardt snølag ligg oppå eit svakt lag, kallar ein det eit
flak (Landrø, 2007).
 |
| Foto: Marius Wiker Engelund |
Svake lag
er i hovudsak overflaterim, rennsnø, skarelag og harde snølag, men nesten alle
formar for snø kan utgjera eit svakt lag. Overflaterim skapar eit utmerka
sklilag for overliggjande snø, fordi den både er svært glatt, vert omdanna
langsamt i snødekket, er veldig skjør og binder seg svært dårleg til
underlaget. Rennsnø er også veldig skjør og inneheld mykje luft. Et rennsnølag
i snødekket er derfor ugunstig og kan lett kollapse og danna ei god gliflate
for overliggjande snø. Kjem det eit snølag oppå eit skarelag eller eit hardt
snølag vil også snøen lett kunne gli ut på grunn av for liten friksjon til
underlaget. Svaberg, is, vått gras dannar også gode gliflater for skred
(Landrø, 2007).
Eit
flakskred har ofte ei mjuk overflate. Dette fører til at kreftene me utset
snødekket for trenger djupare ned i snødekket. Kreftene vert fordelt over ei
større flate og vert redusert jo djupare ein kjem. Det er derfor mindre
sannsynleg å losne ut eit skred dersom det øvste snølaget er tjukt eller hardt.
Når det gjeld dei svake laga i snødekke er dei vanskeleg å analysere fordi dei
ligg skult under snøoverflata. Desse laga kan utgjera ein fare over lengre
tidsrom, og lengda på den ustabile fasen er avhengig av temperatur, trykk,
fuktigheita og krystallform (Landrø, 2007).
Nysnø betyr ofte skredfare. Mengde, vindtransport,
intensitet og temperatur er avgjørande. Det er ofte dagande under eller like
etter snøfall kombinert med vind og gjerne temperaturstigning som er den
farlegaste perioden, og det er ikkje nødvendigvis mengda med nysnø som er
farlegast, men vekta på snøen. Våt
snø veg mykje meir enn tørr snø og då aukar sjansen for at eit skred losnar.
Temperaturen under og etter snøfallet er også avgjerande for kor godt snølaget
bind seg til underlaget og kor fort det setter seg. Dersom snøen fell over
lengre tidsrom har snødekket større moglegheit til å tilpassa seg den nye
belastninga (Landrø, 2007).
Kraftig
oppvarming og plutseleg temperaturstigning fører til at bindingane mellom
snøkrystallane vert dårlege. Kombinert med andre faktorar som svake lag i
snødekket er det lite tilleggsbelastning som skal til for å losne ut eit
flakskred (Landrø, 2007).
Litteraturliste:
- Landrø, M (2007) Skerdfare
snøskred, risiko, redning Oslo, Fri Flyt AS.