Fjellsporten på Jostedalsbreen
Vårskitur på Jostedalsbreen var vår siste felles tur i B2 friluftsliv. Den 22. mai sette me oss på bussen på veg inn i Jostedalen. Turen gjekk frå Gjerde via Hauganosi og opp til Steinmannen der me hadde den fyrste campen. Den neste dagen gjekk me via Høgste Breakulen, ned til Bings gryte og enda opp på Grensevarden der telta vart sett opp. Siste dagen skrei me ned Flatbreen og enda opp i Fjærland der bussen stod å venta på oss.
| Foto: Vigdis Berge |
Det å vandra over
Jostedalsbreen har lange tradisjonar. Allereie frå 1820 åra finn me dei fyrste
reiseskildringane frå Jostedalsbreen. Ein av dei er skreve av Christian Fredrik
Gottfried Bohr som ynskte å bestiga Lodalskåpa sommaren 1820. Naturinteressa,
med røter i naturvitskapen og opplysningstida, var truleg eit viktig motiv bak
turane til dei fyrste turistane på Jostedalsbreen. Romantikken forsterka
naturfølelsen og naturdyrkinga blant embetsmenn og borgarar rundt midten av
1800- talet. Sjølve naturopplevinga vart i løpet av nasjonalromantikken den
viktigaste grunnen til at ein vandra på Jostedalsbreen og elles i fjellheimen. Samstundes
som stadig fleire "lystreisande" oppsøkte Jostedalsbreen vart området
ein arena for fjellsportfolk. I løpet av 1880- åra byrja ein også med
fjellsport i Noreg og på Jostedalsbreen. Tidlegare var det mest vanleg at
turistane gjorde småturar på breen og ein gjekk stort sett berre over dei
kjente breovergangane med lokale vegvisarar (Horgen, 1999).
William Cecil Slingsby var
ein viktig mann i forhold til utviklinga av fjellsporten i Noreg. Han byrja å
gjera meir krevjande breturar. Viktige motiv bak fjellsportfolka sine breturar
var eit ynskje om å utforske nye breområder. Sjølv om Jostedalsbreen var
kartlagt i løpet av 1860- og 1870 åra var det framleis områder og ruter som
ingen hadde gått før. William C. Slingsby beundra ismassane, og føretok seg ein
rekke turar på breen som ingen hadde prøvd på tidlegare. I byrjinga av 1890-
åra byrja også nordmannen Kristian M. Bing å foreta tilsvarande turar. Desse
breturane var av ein heilt anna karakter enn det som tidlegare hadde vorte
gjennomført. I staden for å gå over dei kjente breovergangane med vegvisarar,
byrja ein no å utforska dei indre av Jostedalsbreen og brearmane. Saman bidrog
blant anna desse to til at store delar av breen vart oppdaga (Horgen, 1999).
| Foto: Vigdis Berge |
Som bre- turistane tilhøyrte
fjellsportfolka borgarskapet frå inn- og utland. Likevel var det store
ulikskapar mellom dei to gruppene. Fjellsportfolka hadde andre motiv og
karakter på sine turar. Den tradisjonelle bre- turisten fann seg til rette i
Den Norske Turistforening og Turistforeningen for Bergen by. Begge desse
foreiningane hadde som formål å leggja rette for vandring, spesielt i fjellet
(Horgen, 1999).
Kristian M. Bing var den
fyrste sekretæren for Turistforeningen for Bergen by, men på grunn av
vandreprofilen valde han å bryta ut og stifta sin eigen foreining. Bergens
fjellmannalag vart stifta i november 1895, som ein eksklusiv herreklubb etter
britisk Alpine Club sitt mønster. Laget arrangerte fellesturar på
Jostedalsbreen, men fjellmannalaget vart ikkje noko stor suksess, og etter
nokon år vart den eksklusive rolla tona ned (Horgen, 1999).
| Foto: Vigdis Berge |
I 1908 vart det danna ein
tilsvarande eksklusiv foreining for fjellsportfolk, Norsk tindeklubb (NTK). Dei
fleste norske fjellsportfolka som gjekk på Jostedalsbreen, og som skreiv om
turane sine, var enten medlem av Bergen fjellmannalag eller NTK. Avanserte
brevandrarar og fjellklatrarar fann seg altså ikkje til rette i turistane sine
foreiningar. Fjellsporten innehaldt noko anna enn vanleg fjell- og bre-
vandring som me forbind med turistforeiningane (Horgen, 1999).
Til tross for at fjellsporten
skilte seg ut frå turistvandringa på mange måtar, finn ein dei same estetiserande
og romantiserande naturskildringane hjå fjellsportfolka som hjå andre
fjellvandrar på denne tida. Samstundes kan mykje tyde på at fjellsportfolka
hadde ein anna mental haldning til breturane sine. Det var ein kamp med
naturen, og naturen var eit hinder ein måtte oppsøke på veg for å nå eit mål.
Fjellsportfolka oppsøkte dei områda der hindra var så store som mogeleg, og jo
vanskelegare og meir strabasiøst jo betre. Det virka som om kampen med naturen
utgjorde ein viktig del av motivasjonen for breturane til mange av
fjellsportfolka (Horgen, 1999).
Fram til byrjinga av 1900-
talet var altså Jostedalsbreen ein viktig arena for utviklinga av fjellsporten
i Noreg, men utover på 1900- talet endra dette deg noko. Andre fjellområder som
til dømes Hurrungane trakk til deg nye generasjonar med fjellsportfolk.
Hovudgrunnen til dette var at Jostedalsbreen var utforska i sin heilskap rundt
1900- talet (Horgen, 1999).
Litteraturliste:
- Horgen, A (1999) Friluftsliv og turisme på Jostedalsbreen.
Avsnitt 5.0 - 5.6 frå ferdsel på Jostedalsbreen 1740 - 1940, frå natur til
friluftsliv. Hovedoppgave i idrett med fordupning i friluftsliv ved høyskolen i
Telemark, i samarbeid med Norges Idrettshøyskole, Bø.
