fredag 23. november 2012

Fjelltur 3. - 9 september

Binding av lauvkjerv
Foto: Vigdis Berge
Lauving 

Den 3. september la B2 friluftsliv ut på tur att. Turen starta ved Grinde i Leikanger. Den fyrste dagen fekk me besøka ein liten gard på Grinde. Garden har i fleire generasjonar brukt lauv som fôr til dyra. Bonden Lars Grinde synte oss rundt på garden og me fekk prøva å lauve på gamlemåten.






Historisk bakgrunn
Lauving er ein tradisjonell haustingsform i landbruket som tidlegare har vorte anvendt over store delar av landet. Lauving kan sporast  tilbake i tid fleire tusen år i Noreg, dvs. så lenge som folk har hatt husdyr og måtte skaffa vinterfôr. Lauving er truleg den eldste forma for fôrsanking me har (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).
 I dei fleste fylker stoppa denne haustingsforma for fôrsanking på byrjinga av 1900- talet, men mange bønder tok opp at dette arbeidet under andre verdskrig. På vestlandet kan me endå finna gardbrukarar med kunnskap om denne driftsteknikken (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003). Garden på Grinde er eit godt eksempel på det. Der har dei bevart den gamle tradisjonen og brukar driftsteknikken den dag i dag.
 

Lauving - hausting, tørking og lagring
Begrepet lauving er knytt til sjølve fôrhaustingsprosessen med å kappe av kvistar med lauv på: enten frå større trestammer (styving) eller frå rot- og basisskudd frå ung lauvskog (stubbelauving). Kvistane vart samla i ein haugar og bunde saman med tynne, mjuke kvistar, ofte bjørkekvistar eller kvistar av hegg.  Ein bunt med lauv skulle vera så stor at ein nett skulle klara å halda rundt den. Ein slik ferdig bunt med lauvgreiner vert kalla ein kjerv. Antall lauvkjerv som vart hausta inn på dei enkelte gardsbruk var elles avhengig av kor mange dyr ein hadde, og av høyavlinga elles (Austad, Braanaas og Haltvik,2003).
Det var lite reiskapar som trengdes til dette arbeidet. Ein slags kniv vart brukt til å kappe av geinene av treet. Kniven har ein bua form og vert kalla ein snidel. Det er funne slike knivblad som er datert heilt tilbake til vikingtida (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).

Lauvinga føregjekk på bestemte teigar som ein vekselvis hausta med jamne mellomrom. Det var stort sett på seinsommaren haustinga av lauv skjedde, og fortsette så lenge det var lauv på trea. Det var gjerne mennene som klatra i trea og hogg ned greiner (styva), mens kvinnene og barna bandt saman lauvkjervene på bakken (lauva). Styving og lauving var akkordarbeid. Ein vaksen mann skulle lauve 9 tjug om dagen, ei vakse jente 6 tjuv om dagen. Eitt tjug bestod av 20 kjerv , og 6 tjug skulle utgjera eitt lauvhundre (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).  



Rauke
Etter at lauvkvistane var bunta saman til kjerv skulle dei tørkast. Tørkinga føregjekk vanlegvis ute. Kjervene vart hengt opp til tørking der det var moglegheit for det: på hesje- og gjerdestaur, på dei avkutta greinene på styvingstrea, eller det vart laga til spesielle konstruksjonar til å henge kjervene opp i. Når kjerva var tørka vart det lagra på spesielle plassar på låven, eller på eigne lauvløer. Men på mange gardar var lagringsplass ofte ein mangelvare. Det var derfor nødvendig å finna fram til andre formar for vinterlagring. Både på innmark og utmark var det spesielle plassar kor lauvkjervene kunne lagrast i stakkar (rauke) etter tørking, såkalla raukstø. Raukinga starta frå midten kor kjervene vart satt opp med greinstilkene ned, og deretter vart kjervene lagt ut mot kanten. Kjervene vart lagt i sirkel med toppen innover og greinstilkane svakt hellande utover slik at dei ikkje tok inn vatn. Eit lauvrauke kunne innehalda 2-400 kjervar og verta 2-3 meter høgt. Når lauvrauket var ferdig opplagt vart det lagt einerkvistar på toppen, og satt 4-6 lange tynne stokkar vertikalt gjennom rauket for å feste det saman og sikra det mot regn, snø og vind (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).   

Dei tørka kjerva er god næringsrik vinterfôr for dyra. Alm og ask var mest ettertrakta til fôr, men også selje og bjørk vart mykje brukt (Austad, Braanaas og Haltvik , 2003).  På garden Grinde vart ask mest bruk til lauving. Mykje på grunn av at det var den tresorten som dominerte i området, men også fordi dei hadde erfart at dyra likte best ask. Dyra haldt seg også friske ved å få i seg mykje næringsstoff gjennom dei tørka askekjerva (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003). 
Det var svært interessant å få prøva seg på den gamle tradisjonen lauving. Det er ikkje så mange som framleis driv denne driftsteknikken. Sidan denne driftsteknikken har betydd mykje for det norske landbruket er det viktig at me har noko kunnskap om det.

Tørking av lauvkjerv
Foto: Marius W. Engelund

 
Kjelder:
 - Austad, I, Braanaas, A og Haltvik, M.  (2003) Lauv som ressurs. Ny bruk av gamal kunnskap. Høgskulen i Sogn og Fjordane, rapport nr. 4/03.

- Bilete av rauke henta frå internett. Tilgjengeleg frå http://www.dirnat.no/content/500043513/Sikrer-naturarven-fra-fortida Lasta ned 25.10.2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar