fredag 7. desember 2012

Bretur 17. - 21. september


Nigardsbreen
Foto: Thea Ahnen
Bevegelsesteknikk på blåis

Endeleg skulle me på bretur. Dette skulle verta fem lærerike dagar i Jostedalen. Under kurset var det retta eit stort fokus på sikkerheit rundt det å ferdast på bre. Riktig bevegelsesteknikk er blant anna eit sikkergeitsmoment på bre som er svært viktig for å unngå ulykker. Eg vil derfor her belysa nokon bevegelsesteknikkar som ein nyttar på blåisen.

 
 Stegjernsteknikk
Stegjerna er det viktigaste utstyret ein har på bre. Det er viktig at dei sit godt på skoa og er tilpassa til kvar einskild. Stegjern har lett for å henge seg opp i gamasjar og buksebein. Ein bør derfor ha ei litt breiare gange enn det ein har til vanleg og med litt svikt i beina for å unngå at stegjerna heng seg opp, og for å ha ei så stabil gonge som mogleg (Haslene, 2011 ). La heller aldri lause reimer og anna utstyr henge laust nedanfor knelengde. Det kan skapa stygge ulykker om ein hektar stegjerna i det.

Det er i hovudsak to basisteknikkar me brukar på is, avhengig av bakkens brattleik, isforhold og vedkommande sine tekniske ferdigheiter. Fransk teknikk er den lettaste og mest effektive metoden når isen ikkje er for bratt. Fronttaggteknikk vert nytta når isen er brattare og stiller større krav til rytme og balanse. Det er vanleg å nytta ein kombinasjon av begge teknikkane (Haslene, 2011).
 
Fransk teknikk
Prinsippet ved fransk teknikk er å få så mange taggar som mogleg i isen ved kvart steg. Ein må derfor aldri kante stegjerna slik ein ofte gjer når ein går i bratt terreng i naturen. Teknikken krev at ein vrir eller bøyer oklet slik at alle taggane kjem ned i isen(Haslene, 2011).

Fransk teknikk

Etter kvart som isen vert brattare vert det vanskelegare å gå rett opp på grunn av begrensningar i okleleddet. Ein må derfor gradvis byrja å gå sidelengs. La den lågaste foten peka  ned den vegen isen heller (Haslene, 2011). Den andre foten er vendt skrått, slik at hælane pekar mot kvarandre. På den måten beveger ein seg sakte, men sikkert bortover den bratte bakken.  
Isøksa er også eit svært godt hjelpemiddel på blåisen og skal alltid vera med på ein bretur. På flatt terreng gjer isøksa mest nytte som spaserstokk. Ved å halda isøksa i hovudet har ein ei god utgangstilling for å bruke øksa. Når ein lèt bladet på øksa peke bakover og ut frå kroppen kan ein enkelt klare å bremse eller halda eit fall ved å ta tak med den andre handa nedst på skaftet. Dette vert kalla T-grepet (Haslene, 2011).

Sidestøtte
 
I bratt terreng byrjar ein verkeleg å få bruk for isøksa. Dei mest vanlege teknikkane er sidestøtte og hengestøtte. Ved sidestøtte brukar ein piggen nedst på øksa og kjører piggen så langt inn i isen som ein klarar. På den måten brukar ein øksa til å støtte seg på når ein skal forflytte seg i bratt terreng (Haslene,2011). 

Hengestøtte



Hengestøtte brukar ein gjerne når det er for bratt for sidestøttemetoden. Ein høgg då isøksa inn i isen og held den eine handa om øksehovudet og den andre om skaftet (Haslene, 2011).





Fronttaggteknikk

Når isen vert for bratt, for hard eller det ikkje finst naturlege trinn i isen må ein ta fronttaggane på stegjerna til hjelp. Dette er ein atskillig meir usikker teknikk å bruka enn når alle taggane sit i isen. Ein må derfor vera bevisst på kva ein gjere når ein brukar fronttaggteknikken. Teknikk krev stive sko, for at den skal vera sikker i bratt is. Ein skal halda lett bøy i knea  for å redusera belastning i leggmuskulaturen. Lat hælen henga litt lågare enn resten av foten slik at neste taggpar også får tak i isen. Stegjerna vil då sitta betre (Haslene, 2011).



Fronttaggteknikk
Ofte vil det vera nødvendig med fleire spark for å fjerna laus is der ein vel å plassera fronttaggane. Ein bør også plassera føtene i omtrent same høgde, men litt frå kvarande for å halda balansen. Vanlege feil er å ha hælane litt for høgt eller litt for lågt, slik at armane må ta heile jobben (Haslene, 2011).  
Også ved bruk av fronttaggteknikk kan ein variera bruken av øksa for å jobba sikkert og effektivt. Ein kan blant anna plassera øksa i isen og ta tak oppå hovudet mens øksebladet og piggen står i isen. Då får ein eit handtak som ein kan støtte seg på for å komma seg oppover (Haslene, 2011).   

Når isen vert brattare, må ein støtte seg med den eine handa, mens ein høgg isøksa inn med den andre. Det vil då vera lurt å hogge eit handtak for å få best mogleg støtte. Hugs alltid å hogge eit nytt handtak mens ein endå har eit å halda i (Haslene, 2011).  

Gange nedover i bratt is.
Stegjernsgonge i bratt is med isøks
som sidestøtte.
Skal ein ned eit bratt parti, kan ein bruka øksa som støtte. Begge beina skal peke rett nedover i bakken. Ein skal ha brei beinstilling med lett bøygde kne og alle taggane i isen. Isøksa vert helde som sidestøtte, og på den måten har ein tre støttepunkt i isen (Haslene, 2011). Det er viktig at ein aldri set seg ned på baken når ein skal gå ned ein bratt bakke. Då vil ein fort mista kontrollen og skli nedover.

Gelendergonge er ein effektiv metode for å gå ned bratte parti, men krev ein del trening. Ein høgg  isøksa nedanfor seg, så djupt inn i isen som mogleg. Ein går så framlengs nedover med alle taggane i isen mens ein lét handa gli langs "gelenderet" til ein når øksehovudet og får vippa bladet ut av isen. Denne teknikken egnar seg best til korte nedgangar (Haslene, 2011).

På vanskelege parti kan det vart lurt å hogge trinn i isen. Det er ein sikker metode som minskar sjansen for å miste feste med stegjerna. Minuset er at det er tidkrevjande (Haslene, 2011).

Oppbremsing på is
Skulle ein vera så uheldig å falle på isen, må ein forsøka å kome seg i bremseposisjon så fort som mogeleg. Ein brukar T- grepet på isøksa. Eine handa på hovudet av øksa, den andre på skaftet. Prøv å få plassert bladet på øksa i isen så fort så mogleg, for å få stoppa utglidinga (Haslene, 2011).   
 
I svært bratt terreng vil ein ikkje ha noko moglegheit til å bremsa opp. Ein bør då ha brukt tau og plassert mellomforankringar. Om uhellet skulle vera ute, bør ein prøva å halda øks og stegjern så langt ut frå kroppen som mogeleg (Haslene,2011). Det er for å unngå at stegjerna eller isøksa hektar seg i isen, klede eller anna som kan føra til ytterlegare skader.



Foto: Stein Erik Grytøyra
Det å bevega seg trygt på ein bre krev trening. Ein skal lære seg å lesa isen og ta dei riktige vala for at brevandringa skal vera sikker. Under breturen fekk me ei god innføring i korleis me skulle gjera det. Me såg på formasjonane i isen og lærte kor det var tryggast å ferdast. Går ein blant anna på ein liten rygg, skal ein vera oppmerksam på korleis isen er nedanfor ryggen. Er det ei stor sprekke der, kan eit fall få store konsekvensar fordi ein kan skli ned i sprekka. Skal ein gå på ein rygg må ein derfor forsikre seg om at det er trykt om nokon skulle vera så uhelding å falle. Det beste er om det er ein liten "dal" nedanfor ryggen. Om nokon skulle falle ville dei då stoppe i "dalen". 
 


Det farlegaste ein kan gjera på bre er altså å falle. Å trene på stegjernsgonge og ulike bevegelsesteknikkar er derfor svært viktig. Det å spørja seg sjølv om kva vil skje om eg ramlar her, er med på å gjera ein sjølv bevisst på isens farar og kor ein bør ferdast for å vera trygg.    



Kjelder:
- Haslene, S. (2011) Breboka. Håndbok i brevandring (6. utgåve) Oslo: DNT fjellsport.

- Skisser: Vigdis Berge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar