![]() |
| Foto: Vigdis Berge |
Veret var litt grått då me møttes i botnen av Stedjeåsen, men motet var på topp, for det var meldt godvêr dei neste dagane. To B3 friluftsliv studentar hadde planlagt turen for oss, og dette skulle verta ein tur der me skulle verta betre kjente med kvarandre og slappe av rundt bålet.
Eit av måla for turen var å nemleg å lære meir om det å lage bål. Å laga bål er ein spannande og nytting aktivitet med lange tradisjonar. Tradisjonen går så langt tilbake i historia at til og med utdøydde "menneske" artar som levde før vår noverande art Homo sapiens, praktiserte bålbrenning. I nyare tid har bålbrenning vore mykje utbredt blant skogsarbeidarar, jegerar og friluftsfolk både i forbindelse med matlaging og "kos" rundt bålet (Erstad, u.å.).
Det er mange måtar å byggja eit bål på. Nedanfor skal
eg belysa nokon ulike båltypar.
Pyramidebål
Pyramidebål er den båltypen dei fleste kjenner best til. Ein byggjer bålet innanfrå med lett antenneleg materiale. Deretter byggjer ein vidare utover med større og større trebitar. Dette bålet egnar seg best som "kosebål", grilla pølser, koke kaffi osv. Minuset med bålet er at det er litt ustabilt og lett kan rase saman (Erstad, u.å.).
Pagodebål
Ein
lagar eit pagodebål ved å leggja to vedkubbar parallelt i botn med ein viss
avstand. Oppå dei vert det lagt to nye vedkubbar på tvers, og slik fortset ein
eit par lag oppover. Det kan minne om eit asiatisk pagodetempel, derav nemnet
pagodebål. Inni pagoden legg ein mindre vedfliser på høgkant gjerne i ein pyramide.
Denne båltypen brenner raskt og kraftig og egnar seg godt når ein til dømes
skal lage mat i ei stor bålgryte. Bålgryta heng ein gjerne over bålet i ein
trefoting (Erstad, u.å.). Friluftsbål/ vinterbål
Som
namnet tilseier egnar denne båltypen seg best om vinteren. Vedkubbane vert lagt
tett i tett. Neste lag vert lagt på tvers av det føregåande laget. Det kan vera
lurt å leggja våt ved i det nedste laget. Då unngår ein at bålet smeltar seg så fort ned i snøen.Denne båltypen vert tent på toppen. Om ein er forsiktig og fyljer godt med, kan ein setja ei bålgryte med mat direkte oppå eit slikt bål (Erstad, u.å.).
Stjernebål
Ein legg
5-6 vedkubbar i ein stjerneformasjon. I midten har ein småflis til opptenning.
Etter kvart som vedkubbane brenner opp innerst, skyv ein dei forsiktig innover
mot sentrum. Denne båltypen egnar eg godt til matlaging når ein ikkje har
trefoting eller steinar til å setje gryta på (Erstad, u.å.). Jegerbål
Ein
plasserer to steinar litt frå kvarandre med ein passande avstand slik at ein
kan ha ei bålgryte eller kaffikanne oppå dei. Mellom steinane lagar ein eit
lite bål. Finn nokon tørre kvistar og legg dei horisontalt mellom steinane.
Jegerbål vert gjerne brukt som ein betegnelse på ein båltype som vert brukt særleg
i forbindelse med enkel matlaging (Erstad, u.å.). Nying
Ein
lager eit slik bål gjerne av tørre furu- eller granstokker. To av stokkane vert
lagt på bakken med litt avstand mellom. I mellomrommet legg ein lettantenneleg
småved for å få fart på bålet. Så legg ein to tverrpinnar på tvers nær enden av
dei to stokkane og til slutt ein ny stor stokk oppå tverrpinnane. Ein nying
brenn lenge og gjev mykje varme etter kvart som det tar godt fyr i dei store
stokkane (Erstad, u.å.). Det finst også fleire båltypar. Mi erfaring er at ein bør velja den båltypen som egnar seg best ut i frå dei forholda ein har, og kva ein har tilgang på av brensel.
Kjelder:


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar