fredag 7. desember 2012

Skogstur 5. - 9. november



Foto: Vigdis Berge
Kokegrop og sjusteinsomn
 
Måndag 5. november var B2 friluftsliv igjen klar for tur. Dette skulle verta ein tur med fokus på tradisjonelt friluftsliv, der me blant anna skulle få erfaring i ulike måtar å laga mat på i naturen. I tillegg til å laga mat på bålet, lagde me også mat  kokegrop og i ein sjusteinsovn.
 
Kokegrop
Varmebehandling i kokegrop er ein av verdas eldste og tidlegare den mest vanlege måten å lage varm mat på. Opphavleg var metoden i bruk over store delar av verda. No er bruken av kokegrop i ferd med å få ein renessanse særleg i friluftsamanheng (Hagen, 2008).
Kokegropa sitt prinsipp er at bålet gjennom ein viss tids fyring varmar opp ein mengde steinar av passande størrelse. Når bålet er brent ned, fungerar steinane som varmemagasin nede i gropa. Begrepet kokegrop er derfor litt misvisande fordi det ikkje er snakk om koking i tradisjonell forstand. Tilbredinga i kokegrop er meir ein form for underjordisk baking (Hagen, 2008).


Kokegrop
Foto: Vigdis Berge
Det fyrste ein må gjera når ein skal laga mat i kokegrop er å grava ei grop på eit egna område som er brannsikkert. Ta vare på torva, jorda og sanden. Dette skal ein bruke til å tette gropa med etterpå. Gropa skal ha jamne, skrå kantar og botn må vera så stor at det er godt med plass rundt maten. Kor djup gropa må vera er avhengig av kva mat ein skal laga, men til eit lammelår er det tilstrekkeleg med ca. ein halv meter djupn. I tilegg til sjølve gropa må ein ha omtrent 30 steinar som minst er ein knyttnevestore (Hagen, 2008).
 
Når gropa er klar legg ein eit lag med stein i botn, og fyrer eit bål oppå desse steinane. Ein varmar også opp fleire steinar ved å leggja dei direkte på bålet. Det tek minst tre timar før steinane er vorte tilstrekkeleg varme. Når dei er det, lét ein bålet brenna heilt ned (Hagen, 2008).
Før matlaginga kan ta til, må det meste av kol- og oskerestar fjernast. Ein legg så den innpakka maten ned i gropa og passar på at det er varme steinar både over og under maten. Når kjøtet er heilt dekka med varme steinar, vert gropa dekt med jord eller sand. Til slutt legg ein torvlaget oppå att slik at gropa vert så tett som mogeleg (Hagen, 2008).
Når ein skal lage mat i kokegrop er det viktig at ein pakkar maten godt inn i aluminiumsfolie for å unngå at maten vert forureina med stein og jord (Hagen, 2008).
Me tilbreda eit stykke hjortekjøt og eit stykke med villsaukjøt i kokegropa vår. Resultatet vart svært bra. Kjøtet fekk ein særeigen smak som smakte svært godt.
Det var ei fin erfaring å laga mat i kokegrop. Skal ein bruka denne måten å lage mat på når ein er på tur er det viktig at ein har god tid. Det er nemleg ein tidkrevjande prosess som nesten tek heile dagen, men det var absolutt verdt å vente på.  
 
Sjusteinsovn
 
Ein sjusteinsomn er ein enkel og tradisjonell måte å laga mat på ute. Som namnet tilseier er ein sjusteinsomn laga av sju steinar eller heller. Den har omtrent dei same eigenskapane som ein vanleg steikeomn, der ein kan laga ulike bakevarer når ein er på tur (Moe, u.å.). 
Når ein skal lage ein sjusteinsomn startar ein med å finna ein passande plass for omnen. Det som skal vera bakplata kan gjerne vera ein stor stein eller fast grunn. Ein må vera bevisst på at ein ikkje skal skjemma omgjevnadane når ein set opp ein slik omn. Varmen og sota kan setja stygge merker og gjera at fjellet sprekker. Val av plass vil derfor vera viktig for å unngå dette (Moe, u,å.).
Ein må deretter samle rektangulære flate steinar og byggje opp omnen slik at ein får to kammer rett over kvarandre. Det nedste kammeret kan med fordel vera større enn det øvste. I det nedste kammeret skal ein fyre med ved. Det øvste kammeret er bakekammeret. Jo mindre dette kammeret er, desto bedre effekt får ein (Moe, u.å.).  

Sjusteisomn
Foto: Vigdis Berge
Alle sprekker i det øvste rommet skal tettast for å få unngå av all varmen stiger ut. Ein kan bruka små steinar, våt mose eller jord (Moe, u,å.).
Den siste steinen vert brukt som dør til bakekammeret. Ein bør fyre opp mot ein time før omnen kan nyttast (Moe, u.å).
Samanlikna med kokegrop er ein sjusteinsomn raskare og det er lettare å kontrollera når maten er ferdig. Ulempa er at den krev mykje brensel og kontinuerlig tilsyn for å halda temperaturen oppe (Moe, u.å.).
Utfordringa med å lage ein sjusteinsomn var å finna passande steinar. Me klarde derfor ikkje halda oss til 7 steinar som det skulle vera. Det var også ei lita utfordring å få omnen tett i det øvste kammeret. I staden for å bruka steinar eller mose til å tette med, valde me den enkle løysinga og tetta med aluminiumsfolie. Me fyrde opp med småved i det nedste kammeret, men me hadde nok bygd omnen litt for liten. For lite oksygen i det nedste kammeret førte til at det var vanskeleg å få ordentleg fyring der. Løysinga var at me flytta glør frå det andre bålet vårt, og det fungerte fint. Bollane vart steikte og smakte svært godt.  
 

Kjelder:
- Hagen, H. (2008) Ingen tur uten mat. Oslo. Boksenteret Erik Pettersen & Co.
 
- Moe, H. (u.å.) Bålet- forbrenning og energikilde. Sjusteinsovn. (internett) Tilgjengeleg frå: http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1400068&within_tid=1399355  (Lasta ned: 14.11.2012).

Vegleiartur 10. -12. oktober


Foto: Vigdis Berge
Båltypar

Veret var litt grått då me møttes i botnen av Stedjeåsen, men motet var på topp, for det var meldt godvêr dei neste dagane. To B3 friluftsliv studentar hadde planlagt turen for oss, og dette skulle verta ein tur der me skulle verta betre kjente med kvarandre og slappe av rundt bålet.

Eit av måla for turen var å nemleg å lære meir om det å lage bål. Å laga bål er ein spannande og nytting aktivitet med lange tradisjonar. Tradisjonen går så langt tilbake i historia at til og med utdøydde "menneske" artar som levde før vår noverande art Homo sapiens, praktiserte bålbrenning. I nyare tid har bålbrenning vore mykje utbredt blant skogsarbeidarar, jegerar og friluftsfolk både i forbindelse med matlaging og "kos" rundt bålet (Erstad, u.å.).   

 Det er mange måtar å byggja eit bål på. Nedanfor skal eg belysa nokon ulike båltypar.


Pyramidebål

Pyramidebål er den båltypen dei fleste kjenner best til. Ein byggjer bålet innanfrå med lett antenneleg materiale. Deretter byggjer ein vidare utover med større og større trebitar. Dette bålet egnar seg best som "kosebål", grilla pølser, koke kaffi osv. Minuset med bålet er at det er litt ustabilt og lett kan rase saman (Erstad, u.å.).





Pagodebål

Ein lagar eit pagodebål ved å leggja to vedkubbar parallelt i botn med ein viss avstand. Oppå dei vert det lagt to nye vedkubbar på tvers, og slik fortset ein eit par lag oppover. Det kan minne om eit asiatisk pagodetempel, derav nemnet pagodebål. Inni pagoden legg ein mindre vedfliser på høgkant gjerne i ein pyramide. Denne båltypen brenner raskt og kraftig og egnar seg godt når ein til dømes skal lage mat i ei stor bålgryte. Bålgryta heng ein gjerne over bålet i ein trefoting (Erstad, u.å.).   

 

 

Friluftsbål/ vinterbål


Som namnet tilseier egnar denne båltypen seg best om vinteren. Vedkubbane vert lagt tett i tett. Neste lag vert lagt på tvers av det føregåande laget. Det kan vera lurt å leggja våt ved i det nedste laget. Då unngår ein at bålet smeltar seg så fort ned i snøen.

Denne båltypen vert tent på toppen. Om ein er forsiktig og fyljer godt med, kan ein setja ei bålgryte med mat direkte oppå eit slikt bål (Erstad, u.å.).   





 Stjernebål

Ein legg 5-6 vedkubbar i ein stjerneformasjon. I midten har ein småflis til opptenning. Etter kvart som vedkubbane brenner opp innerst, skyv ein dei forsiktig innover mot sentrum. Denne båltypen egnar eg godt til matlaging når ein ikkje har trefoting eller steinar til å setje gryta på (Erstad, u.å.).






Jegerbål

Ein plasserer to steinar litt frå kvarandre med ein passande avstand slik at ein kan ha ei bålgryte eller kaffikanne oppå dei. Mellom steinane lagar ein eit lite bål. Finn nokon tørre kvistar og legg dei horisontalt mellom steinane. Jegerbål vert gjerne brukt som ein betegnelse på ein båltype som vert brukt særleg i forbindelse med enkel matlaging (Erstad, u.å.).





Nying

Ein lager eit slik bål gjerne av tørre furu- eller granstokker. To av stokkane vert lagt på bakken med litt avstand mellom. I mellomrommet legg ein lettantenneleg småved for å få fart på bålet. Så legg ein to tverrpinnar på tvers nær enden av dei to stokkane og til slutt ein ny stor stokk oppå tverrpinnane. Ein nying brenn lenge og gjev mykje varme etter kvart som det tar godt fyr i dei store stokkane (Erstad, u.å.).



Det finst også fleire båltypar. Mi erfaring er at ein bør velja den båltypen som egnar seg best ut i frå dei forholda ein har, og kva ein har tilgang på av brensel.


Kjelder:
- Erstad, K. (u.å.) Lage bål. (internett) Tilgjengelig frå:  http://home.hib.no/ansatte/ker/uteskoleaktiviteter/lage_bål.htm. Lasta ned 23.11.2012.



Bretur 17. - 21. september


Nigardsbreen
Foto: Thea Ahnen
Bevegelsesteknikk på blåis

Endeleg skulle me på bretur. Dette skulle verta fem lærerike dagar i Jostedalen. Under kurset var det retta eit stort fokus på sikkerheit rundt det å ferdast på bre. Riktig bevegelsesteknikk er blant anna eit sikkergeitsmoment på bre som er svært viktig for å unngå ulykker. Eg vil derfor her belysa nokon bevegelsesteknikkar som ein nyttar på blåisen.

 
 Stegjernsteknikk
Stegjerna er det viktigaste utstyret ein har på bre. Det er viktig at dei sit godt på skoa og er tilpassa til kvar einskild. Stegjern har lett for å henge seg opp i gamasjar og buksebein. Ein bør derfor ha ei litt breiare gange enn det ein har til vanleg og med litt svikt i beina for å unngå at stegjerna heng seg opp, og for å ha ei så stabil gonge som mogleg (Haslene, 2011 ). La heller aldri lause reimer og anna utstyr henge laust nedanfor knelengde. Det kan skapa stygge ulykker om ein hektar stegjerna i det.

Det er i hovudsak to basisteknikkar me brukar på is, avhengig av bakkens brattleik, isforhold og vedkommande sine tekniske ferdigheiter. Fransk teknikk er den lettaste og mest effektive metoden når isen ikkje er for bratt. Fronttaggteknikk vert nytta når isen er brattare og stiller større krav til rytme og balanse. Det er vanleg å nytta ein kombinasjon av begge teknikkane (Haslene, 2011).
 
Fransk teknikk
Prinsippet ved fransk teknikk er å få så mange taggar som mogleg i isen ved kvart steg. Ein må derfor aldri kante stegjerna slik ein ofte gjer når ein går i bratt terreng i naturen. Teknikken krev at ein vrir eller bøyer oklet slik at alle taggane kjem ned i isen(Haslene, 2011).

Fransk teknikk

Etter kvart som isen vert brattare vert det vanskelegare å gå rett opp på grunn av begrensningar i okleleddet. Ein må derfor gradvis byrja å gå sidelengs. La den lågaste foten peka  ned den vegen isen heller (Haslene, 2011). Den andre foten er vendt skrått, slik at hælane pekar mot kvarandre. På den måten beveger ein seg sakte, men sikkert bortover den bratte bakken.  
Isøksa er også eit svært godt hjelpemiddel på blåisen og skal alltid vera med på ein bretur. På flatt terreng gjer isøksa mest nytte som spaserstokk. Ved å halda isøksa i hovudet har ein ei god utgangstilling for å bruke øksa. Når ein lèt bladet på øksa peke bakover og ut frå kroppen kan ein enkelt klare å bremse eller halda eit fall ved å ta tak med den andre handa nedst på skaftet. Dette vert kalla T-grepet (Haslene, 2011).

Sidestøtte
 
I bratt terreng byrjar ein verkeleg å få bruk for isøksa. Dei mest vanlege teknikkane er sidestøtte og hengestøtte. Ved sidestøtte brukar ein piggen nedst på øksa og kjører piggen så langt inn i isen som ein klarar. På den måten brukar ein øksa til å støtte seg på når ein skal forflytte seg i bratt terreng (Haslene,2011). 

Hengestøtte



Hengestøtte brukar ein gjerne når det er for bratt for sidestøttemetoden. Ein høgg då isøksa inn i isen og held den eine handa om øksehovudet og den andre om skaftet (Haslene, 2011).





Fronttaggteknikk

Når isen vert for bratt, for hard eller det ikkje finst naturlege trinn i isen må ein ta fronttaggane på stegjerna til hjelp. Dette er ein atskillig meir usikker teknikk å bruka enn når alle taggane sit i isen. Ein må derfor vera bevisst på kva ein gjere når ein brukar fronttaggteknikken. Teknikk krev stive sko, for at den skal vera sikker i bratt is. Ein skal halda lett bøy i knea  for å redusera belastning i leggmuskulaturen. Lat hælen henga litt lågare enn resten av foten slik at neste taggpar også får tak i isen. Stegjerna vil då sitta betre (Haslene, 2011).



Fronttaggteknikk
Ofte vil det vera nødvendig med fleire spark for å fjerna laus is der ein vel å plassera fronttaggane. Ein bør også plassera føtene i omtrent same høgde, men litt frå kvarande for å halda balansen. Vanlege feil er å ha hælane litt for høgt eller litt for lågt, slik at armane må ta heile jobben (Haslene, 2011).  
Også ved bruk av fronttaggteknikk kan ein variera bruken av øksa for å jobba sikkert og effektivt. Ein kan blant anna plassera øksa i isen og ta tak oppå hovudet mens øksebladet og piggen står i isen. Då får ein eit handtak som ein kan støtte seg på for å komma seg oppover (Haslene, 2011).   

Når isen vert brattare, må ein støtte seg med den eine handa, mens ein høgg isøksa inn med den andre. Det vil då vera lurt å hogge eit handtak for å få best mogleg støtte. Hugs alltid å hogge eit nytt handtak mens ein endå har eit å halda i (Haslene, 2011).  

Gange nedover i bratt is.
Stegjernsgonge i bratt is med isøks
som sidestøtte.
Skal ein ned eit bratt parti, kan ein bruka øksa som støtte. Begge beina skal peke rett nedover i bakken. Ein skal ha brei beinstilling med lett bøygde kne og alle taggane i isen. Isøksa vert helde som sidestøtte, og på den måten har ein tre støttepunkt i isen (Haslene, 2011). Det er viktig at ein aldri set seg ned på baken når ein skal gå ned ein bratt bakke. Då vil ein fort mista kontrollen og skli nedover.

Gelendergonge er ein effektiv metode for å gå ned bratte parti, men krev ein del trening. Ein høgg  isøksa nedanfor seg, så djupt inn i isen som mogleg. Ein går så framlengs nedover med alle taggane i isen mens ein lét handa gli langs "gelenderet" til ein når øksehovudet og får vippa bladet ut av isen. Denne teknikken egnar seg best til korte nedgangar (Haslene, 2011).

På vanskelege parti kan det vart lurt å hogge trinn i isen. Det er ein sikker metode som minskar sjansen for å miste feste med stegjerna. Minuset er at det er tidkrevjande (Haslene, 2011).

Oppbremsing på is
Skulle ein vera så uheldig å falle på isen, må ein forsøka å kome seg i bremseposisjon så fort som mogeleg. Ein brukar T- grepet på isøksa. Eine handa på hovudet av øksa, den andre på skaftet. Prøv å få plassert bladet på øksa i isen så fort så mogleg, for å få stoppa utglidinga (Haslene, 2011).   
 
I svært bratt terreng vil ein ikkje ha noko moglegheit til å bremsa opp. Ein bør då ha brukt tau og plassert mellomforankringar. Om uhellet skulle vera ute, bør ein prøva å halda øks og stegjern så langt ut frå kroppen som mogeleg (Haslene,2011). Det er for å unngå at stegjerna eller isøksa hektar seg i isen, klede eller anna som kan føra til ytterlegare skader.



Foto: Stein Erik Grytøyra
Det å bevega seg trygt på ein bre krev trening. Ein skal lære seg å lesa isen og ta dei riktige vala for at brevandringa skal vera sikker. Under breturen fekk me ei god innføring i korleis me skulle gjera det. Me såg på formasjonane i isen og lærte kor det var tryggast å ferdast. Går ein blant anna på ein liten rygg, skal ein vera oppmerksam på korleis isen er nedanfor ryggen. Er det ei stor sprekke der, kan eit fall få store konsekvensar fordi ein kan skli ned i sprekka. Skal ein gå på ein rygg må ein derfor forsikre seg om at det er trykt om nokon skulle vera så uhelding å falle. Det beste er om det er ein liten "dal" nedanfor ryggen. Om nokon skulle falle ville dei då stoppe i "dalen". 
 


Det farlegaste ein kan gjera på bre er altså å falle. Å trene på stegjernsgonge og ulike bevegelsesteknikkar er derfor svært viktig. Det å spørja seg sjølv om kva vil skje om eg ramlar her, er med på å gjera ein sjølv bevisst på isens farar og kor ein bør ferdast for å vera trygg.    



Kjelder:
- Haslene, S. (2011) Breboka. Håndbok i brevandring (6. utgåve) Oslo: DNT fjellsport.

- Skisser: Vigdis Berge

fredag 23. november 2012

Fjelltur 3. - 9 september

Binding av lauvkjerv
Foto: Vigdis Berge
Lauving 

Den 3. september la B2 friluftsliv ut på tur att. Turen starta ved Grinde i Leikanger. Den fyrste dagen fekk me besøka ein liten gard på Grinde. Garden har i fleire generasjonar brukt lauv som fôr til dyra. Bonden Lars Grinde synte oss rundt på garden og me fekk prøva å lauve på gamlemåten.






Historisk bakgrunn
Lauving er ein tradisjonell haustingsform i landbruket som tidlegare har vorte anvendt over store delar av landet. Lauving kan sporast  tilbake i tid fleire tusen år i Noreg, dvs. så lenge som folk har hatt husdyr og måtte skaffa vinterfôr. Lauving er truleg den eldste forma for fôrsanking me har (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).
 I dei fleste fylker stoppa denne haustingsforma for fôrsanking på byrjinga av 1900- talet, men mange bønder tok opp at dette arbeidet under andre verdskrig. På vestlandet kan me endå finna gardbrukarar med kunnskap om denne driftsteknikken (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003). Garden på Grinde er eit godt eksempel på det. Der har dei bevart den gamle tradisjonen og brukar driftsteknikken den dag i dag.
 

Lauving - hausting, tørking og lagring
Begrepet lauving er knytt til sjølve fôrhaustingsprosessen med å kappe av kvistar med lauv på: enten frå større trestammer (styving) eller frå rot- og basisskudd frå ung lauvskog (stubbelauving). Kvistane vart samla i ein haugar og bunde saman med tynne, mjuke kvistar, ofte bjørkekvistar eller kvistar av hegg.  Ein bunt med lauv skulle vera så stor at ein nett skulle klara å halda rundt den. Ein slik ferdig bunt med lauvgreiner vert kalla ein kjerv. Antall lauvkjerv som vart hausta inn på dei enkelte gardsbruk var elles avhengig av kor mange dyr ein hadde, og av høyavlinga elles (Austad, Braanaas og Haltvik,2003).
Det var lite reiskapar som trengdes til dette arbeidet. Ein slags kniv vart brukt til å kappe av geinene av treet. Kniven har ein bua form og vert kalla ein snidel. Det er funne slike knivblad som er datert heilt tilbake til vikingtida (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).

Lauvinga føregjekk på bestemte teigar som ein vekselvis hausta med jamne mellomrom. Det var stort sett på seinsommaren haustinga av lauv skjedde, og fortsette så lenge det var lauv på trea. Det var gjerne mennene som klatra i trea og hogg ned greiner (styva), mens kvinnene og barna bandt saman lauvkjervene på bakken (lauva). Styving og lauving var akkordarbeid. Ein vaksen mann skulle lauve 9 tjug om dagen, ei vakse jente 6 tjuv om dagen. Eitt tjug bestod av 20 kjerv , og 6 tjug skulle utgjera eitt lauvhundre (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).  



Rauke
Etter at lauvkvistane var bunta saman til kjerv skulle dei tørkast. Tørkinga føregjekk vanlegvis ute. Kjervene vart hengt opp til tørking der det var moglegheit for det: på hesje- og gjerdestaur, på dei avkutta greinene på styvingstrea, eller det vart laga til spesielle konstruksjonar til å henge kjervene opp i. Når kjerva var tørka vart det lagra på spesielle plassar på låven, eller på eigne lauvløer. Men på mange gardar var lagringsplass ofte ein mangelvare. Det var derfor nødvendig å finna fram til andre formar for vinterlagring. Både på innmark og utmark var det spesielle plassar kor lauvkjervene kunne lagrast i stakkar (rauke) etter tørking, såkalla raukstø. Raukinga starta frå midten kor kjervene vart satt opp med greinstilkene ned, og deretter vart kjervene lagt ut mot kanten. Kjervene vart lagt i sirkel med toppen innover og greinstilkane svakt hellande utover slik at dei ikkje tok inn vatn. Eit lauvrauke kunne innehalda 2-400 kjervar og verta 2-3 meter høgt. Når lauvrauket var ferdig opplagt vart det lagt einerkvistar på toppen, og satt 4-6 lange tynne stokkar vertikalt gjennom rauket for å feste det saman og sikra det mot regn, snø og vind (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003).   

Dei tørka kjerva er god næringsrik vinterfôr for dyra. Alm og ask var mest ettertrakta til fôr, men også selje og bjørk vart mykje brukt (Austad, Braanaas og Haltvik , 2003).  På garden Grinde vart ask mest bruk til lauving. Mykje på grunn av at det var den tresorten som dominerte i området, men også fordi dei hadde erfart at dyra likte best ask. Dyra haldt seg også friske ved å få i seg mykje næringsstoff gjennom dei tørka askekjerva (Austad, Braanaas og Haltvik, 2003). 
Det var svært interessant å få prøva seg på den gamle tradisjonen lauving. Det er ikkje så mange som framleis driv denne driftsteknikken. Sidan denne driftsteknikken har betydd mykje for det norske landbruket er det viktig at me har noko kunnskap om det.

Tørking av lauvkjerv
Foto: Marius W. Engelund

 
Kjelder:
 - Austad, I, Braanaas, A og Haltvik, M.  (2003) Lauv som ressurs. Ny bruk av gamal kunnskap. Høgskulen i Sogn og Fjordane, rapport nr. 4/03.

- Bilete av rauke henta frå internett. Tilgjengeleg frå http://www.dirnat.no/content/500043513/Sikrer-naturarven-fra-fortida Lasta ned 25.10.2012.

tirsdag 23. oktober 2012

Kanotur 23. - 25. august

Kameratredning i kano og fyrstehjelp

23. august var B2 friluftsliv i Sogndal klar for kanotur. Turen gjekk ut i Sognefjorden frå Kaupanger kai. Hovudmålet for turen var å verta betre til å ferdast på sjø/innsjø med kano, samt tryggleik og fyrstehjelp  knytt til vatn og kanopadling. Me utførde derfor kameratredning og fyrstehjelp for å læra oss å handtera ulykker som kan oppstå i opent vatn/sjø.


Er ein ei stor gruppe på tur skal ein helst ha ein makkerkano som ein skal padle saman med. Skulle uhellet vera ute har ein derfor nokon i nærheita som kan hjelpa raskt. Dersom vatnet er kaldt eller det er uvær er det viktig at vedkommande i vatnet kjem seg i tryggleik så raskt som mogleg. Det er derfor svært viktig å trene på kameratredning i trygge omgjevnader slik at ein klarar å handtera ei verkeleg ulukke om det skulle oppstå når ein er på tur.



Foto: Marius W Engelund
Foto: Marius W Engelund
Det fyrste ein må gjera når ein kano har velta er å få den tømt for vatn. For å få det til må både personane i vatnet og personane i redningskanoen samarbeida. Personane i vatnet tek tak i kvar sin ende av kanoen og fører den vinkelrett mot redningskanoen. Padlaren som sit bak i redningskanoen legg frå seg åra i kanoen, set seg djupt ned på kne så langt fram mot midten av sin eigen kano som mogleg. Frontpadlaren held kursen og støttar med årebladet mot vassflata (Køhn,1996).
Bakpadlaren grip tak i stevnen for å lyfte den opp og vinkelrett over sin eigen kano (Køhn, 1996). Dette kan vera svært tungt, derfor kan personane i vatnet vera med på å lette arbeidet. Den eine personen i vatnet grip tak i bakenden av kanoen og brukar kroppsvekta for å pressa kanoen ned i vatnet. På den måten vert framenden lyfta over vassflata og det vil vera lettare å dra kanoen opp.

Kanoen vert forsiktig dratt opp, med kjølen i været, tvers over redningskanoen. Vatnet vil no etter kvart renna ut. Med forsiktigheit vert den så snudd og skyvd ut på vatnet att. Før ein snur kanoen er det viktig at den ligg i balanse over redningskanoen, det vil seia midtpunkt over midtpunkt. Gjer den ikkje det kan begge kanoane koma i ubalande og velte (Køhn, 1996).


 Biletet teke frå www.midtagder-friluft.no
Redningsmannskapet støttar opp den tømte kanoen og legg den parallelt inntil sin eigen. Personane i vatnet kan no kome seg opp i kanoen att. Ein etter ein kjem dei mellom kanoane, tek tak med ei hand på kvar kano og lyftar seg opp (Køhn, 1996).

Det var svært lærerikt å utføra kameratredning i kano. Ein lærer betre av å ha erfart det, enn å berre gjennomgå det teoretisk. Alt gjekk svært fint og det var ikkje så vanskeleg som ein gjerne hadde trudd på førehand. Men me ville sikkert erfart at det hadde vore meir utfordrande om forholda hadde vore vanskelegare. Det er ein ting å gjere det når forholda rundt er trygge, ein anna ting er å gjennomføre det når det er uvær, stor sjø og kaldt vatn.
 
Fyrstehjelp
I forbindelse med kameratredninga fekk me også prøva oss på livredning. Me øvde på ilandføring av ein person og hjarte- lungeredning.
I open sjø skal ein helst ikkje ha kroppskontakt med vedkommande som ligg i vatnet. Grunnen tid det er at det kan verka skremmande for personen i vatnet, noko som kan føra til at vedkommande kan få panikk. Ved bruk av ein "forlenga arm" som til dømes kan vera ein lang stokk, eit klesplagg eller liknande kan det følast mindre skremmande for personen som skal reddast. Det betyr altså at vedkommande i vatnet må vera ved bevisstheit for at ein kan bruka ein "forlenga arm". Personen som skal reddast grip tak i den "den forlenga armen" og vedkommande som reddar drar personen etter seg inn til land.
Hjarte- og lungeredning
Det er viktig å hurtigast mogleg konstatere om den skadde er bevisstlaus og pustar, eller livlaus utan pust. Det fyrste ein gjer er å sjå om ein kan få kontakt med vedkommande. Sørg for frie luftvegar og sjekk om vedkommande har noko i munnen/halsen. Ein legg kinnet ned mot munnen til vedkommande, mens ein ser om brystkassa beveger seg(Bruland og Fauske, 2012). Kjenner ein ikkje noko pust må ein ringa medisinsk nødsentral 113 og byrja med kunstig åndedrett og brystkompresjonar så fort som mogeleg.

Ein legg den skadde på ryggen på eit hardt underlag. Personen som skal utføra hjarte- lungeredninga står på kne ved sida av den skadde (Bruland og Fauske, 2012). Ved misstanke om drukning byrjar ein med 5 innblåsningar.

Sørg for frie luftvegar. Nesa klemmes saman mellom tommel og pekefinger. Ein blåser så inn til ein ser brystkassa hevar seg. Etter 5 innblåsningar held ein fram med 30 kompresjonar. Ein skal trykke brystkassa ned ca 4-5 cm på ein vaksen person med ein takt på 100 trykk i minuttet. Hendene vert lagt oppå kvarande og ein skal bøya handleddet bakover. Kompresjonane skal utførast midt mellom brystvortene. Ein skal trykke loddrett ned med stive olbogar, på den måten sparar ein krefter(Bruland og Fauske, 2012).
Deretter er det 2 innblåsningar. Ein held fram med kompresjonar og innblåsningar  i forholdet 30/2 til den skadde pustar sjølv eller hjelpa kjem (Bruland og Fauske, 2012).

Det var god læring å utføra livredninga. Erfaringa eg sit att med etter øvinga er at det er svært viktig å øve på så reelle situasjonar som mogleg. Den største utfrodringa var å halda eit jamt og roleg tempo på innblåsningane og kompresjonane. På grunn av kulda og situasjonen er det fort at ein vert litt ukonsentrert. I ein verkeleg situasjon vil det vera svært viktig at ein klarar å halda seg roleg slik at innblåsningane og kompresjonane ikkje vert for raske, men har ei jamn rytme.  
Kjelder:

- Bruland, S, Ø og Fauske, L. (2012) Førstehjelp på tur. Fjell-, høyde, og reisemedisin (2. reviderte utgåve). Oslo: Fri flyt.  

- Køhn, Ø. (1996) Kanopadling i Norge. Oslo: Boksenteret forlag.

- Temahefte fra Midt- Agder friluftsråd. Naturskule kano (internett). Tilgjengeleg på http://www.midtagder-friluft.no/attach?page=Filer%2FMAF+-+Kano+Temahefte.pdf Besøkt 25. oktober 2012.